Grimstadvatnet rundt
Om løpet
Grimstadvatnet Rundt inngår i Hareid vinterkarusell med løp 1. laurdag i november, desember, januar og februar. Det vil sei 4 løp tilsaman. Løpet er eit landevegsløp på 7,8 km som går for det meste på asfalt. Løypa er relativt flat. Det fyrste løpet i karusellen vart arrangert 5. desember 1981. Det 110. løpet gjekk av stabelen i november 2008.
Det er samla premiering etter 4. og siste løp i februar. For å kunne få premie må ein ha gjennomført minimum 3 av 4 løp. Poengsummen i dei tre beste løpa tel (etter rangeringa 10-9-8-7 etc). Dei med 4 løp får 4 bonuspoeng.
Starttid:
Kl 14.00 ved Hareid klubbhus.
Påmelding:
På Hareid klubbhus frå klokka 13.00.
Startkontingent:
Startavgift pr. løp i Vinterkarusellen 150kr (senior, født 31.12.2005 eller tidlegare)
75kr (junior, født 1.1.2006 eller seinare.)
I Minikarusellen er det søskenmoderasjon - 75kr/løp for ett barn, 125kr/løp for to, 150kr/løp for tre.
I tillegg kjem ein eingongslisens til Friidrettsforbundet om du ikkje har løst heilårslisens for løp utanfor bane. Denne betalast før fyrstegongs deltaking, og er gyldig heile karusellen.
Garderobe:
Hareid klubbhus
Kontaktperson:
Odd Erling Eriksen
Topp 20 Kvinner

Topp 20 Menn
