HAREIDLANDET BAKGÅRDLØP 2026

Dei sprang og dei sprang!

Klokka 10 gjekk startskotet for 30 deltakarar på den 6,7 kilometer lange rundløypa! Frå Hadarhallen gjekk løypa fram Rotarystien, ned Kvitholen, på utsida av stadion og inn att i hallen, før det var klart for ein ny start kvar heile time.

Nokre sprang ein halvmaratondistanse, medan andre tok utfordringa heilt ut og sprang maraton. Men for sju av deltakarane var ikkje det nok: Innan klokka 22 laurdag kveld hadde dei fullført alle dei 12 rundene. Det vil seie over 8 mil med løping!

Dette var ein suksess, med mange smilende fjes, begredelig ver og store anstrengelsar! Vi applauderer samtlige deltakarar for ein imponerande innsats og gratulerer så mykje til Joakim Sæther og Ingrid Kleiven med sigeren samanlagt, og Patrick Kvalsvik Uttakleiv med spurtsigeren i den aller siste runda!

Tusen takk til alle som deltok og bidrog til ein flott løpedag! 👏🏃‍♀️🏃‍♂️

Resultatliste: 

Resultatliste Bakgårdsløp 2026.pdf