Hareidlandet Bakgårdsløp nærmar seg

Postet av Hareid Idrettslag den 15. sep 2026

Et bilde som inneholder tegning Automatisk generert beskrivelse 


Hareidlandet Bakgårdsløp

Hareidlandet Bakgårdsløp blir arrangert av Hareid IL Friidrett og Hareidlandet Triatlon. Eit samarbeid mellom to organisasjonar som ønsker å skape aktivitet på Hareidlandet.

Hareidlandet Bakgårdsløp er av typen ultraløp, som av definisjon er løp som er lengre enn eit maraton,-altså eit løp som er lengre enn 42 195 meter!! Vår utgåve er eit løp med ei runde på 6.71 km der ein spring så mange runder ein klarer, med ny start kvar heile time, men maks 12 runderFullfører ein 12 runder, har ein sprunge 80.52km!

Laurdag 19.september har du sjansen! Starten går kl 10 i Hadarhallen. Tek du utfordringa?

Påmelding foregår via RaceTracker: https://www.racetracker.one/.../hareidlandet.../registration

Håper å sjå deg der! Heiagjengen er også velkomen!


Ved spørsmål ta kontakt med: Hareidlandettriatlon@gmail.com eller Friidrett@hareidil.no

 

Løypa går i fine omgjevnader på Rotarystien og Kvitholvegen

 

Hareid IL

Fellesskap - Meistring – Ærlegheit

Hareidlandet Triatlon

 Samhald - Meistring - Begeistring




Deltakarliste, tidsskjema og funksjonærliste Hadarleikane

Postet av Hareid Idrettslag den 11. jun 2026

Her finn du deltakarlista til Hadarleikane laurdag 13.juni





Påmeldinga til Nordvest Maraton har opna

Postet av Hareid Idrettslag den 28. jul 2025

Den 35. utgåva av Nordvest Maraton 23. august nærmar seg med stormskritt.

No har vi opna for førehandspåmelding til det populære løpet.

Du finn all mogleg informasjon om løpet og påmeldingsskjema under Nordvest Maraton i menyen over her på hareidil.no.

Du kan også melde deg på direkte i skjemaet her.




Siste: KM på Hareid i år også

Postet av Hareid Idrettslag den 18. jun 2025

I fjor vart KM på heilmaraton lagt inn under Nordvest Maraton. Det skjedde etter påtrykk frå lokale langdistanseløparar, og at kretsen sa ja til dette.

Og i år har det same skjedd.

Så no kan du vinne KM-gull, -sølv eller -bronse i di aldersklasse på Hareid 23. august.

Meir info kjem når påmeldinga opnar 1. august.

Men vi kan allereie no slå fast at det blir premiering i desse klassane: 18-19 år (U20), junior 20-22 år (U23), senior, 35-39 år, 40-44 år, 45-49 år, 50-54 år, 54-59 år, 60-64 år, 65-70 år og så vidare heilt opp til 90 år og eldre.

Dei som deltek i KM må vere medlem i ein klubb som er medlemmar i friidrettskretsen i Møre og Romsdal.

Ein må ikkje delta i KM for å delta på heilmaraton i Norvest Maraton. Alle er like velkomne. Men at vi hadde KM gjorde nok at deltakartalet på heil distanse i fjor vart det høgaste sidan 2014.

Les gjerne meir om løpet her på heimesida. Påmeldingsinfo kjem altså 1. august.

Biletet over: Tre av dei beste på heilmaraton i fjor som alle sikra seg KM-gull i ulike klassar. Frå venstre: Joachim Olsvik (Ålesund FIK), Karl Idar Vik (Syvde IL), Hilmar Kråkenes (Velledalen IL). Sistnemnde vann også sjølve løpet. Foto: Stig Hole/Hareid IL

Under: Emil Olai Hasund, som vart kretsmeister i U20-klassen i fjor. Foto: Stig Hole/Hareid IL